fredag 1. april 2011

Straum i boksen! - Electrify!


norsk:
Eit naturleg steg vidare etter å ha lage sigarboksgitar med gitarelevane mine er å sette inn mikrofon, for å kunne plugge i ein forsterkar. For å førebu meg gjorde eg først operasjonen på min eigen gjer-det-sjølv sb-gitar. Det var veldig vellukka, og då eg viste det til elevane mine ana eg eit snev av misunning. Om eit par veker skal dei få gjere det same.

Den største utfordringa var å bore hol til jack-støpslet utan å skade den skrøpelege sigarboksen. Sidan den gjennomgåande delen av støpslet var litt kort måtte eg lage eit lite hol i den ytste delen og eit større i den inste. Heldigvis hadde eg ikkje limt den lause ramma som er inni boksen. Etter å ha tilpassa holet til støpslet limte eg ramma til boksen for å gjere han sterkare. Det blir ei ekstra belasting når jack-pluggen skal inn og ut.

international:
The logical next step after making cigar box guitars with my guitar students is to electrify them. To prepare for this I did it on my own diy kit first. It was good fun, and when I showed it to my students they became slightly envious. In a couple of weeks though...

The biggest challenge was to drill a hole in the fragile cigar box without ruining it. As the socket was a bit short I had to make a small hole in the external part of the box, and a bigger in the inner part. Luckily I had not glued the loose inner frame to the box, and this made it possible. After fitting the hole to the socket I glued the frame to the box to make it stronger.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar