torsdag 13. desember 2012


Juleverkstad med gitarsløyd

På den lettare magiske datoen 12.12.12. nytta ei gruppe gitarelevar ettermiddagen til å bygge sin eigen sigarboksgitar på sløydsalen saman med læraren sin (meg). Byggesettet var sett saman av Claudio Forlini, og CBGane var 100% elektriske. I løpet av to og ein halv time hadde dei ein elektrisk gitar og spelte smoke on the water så sagmuggen fløy veggimellom. Sånn sett var det meir Holy Smoke enn Stille Natt over denne juleverkstaden. Enkelte elevar hadde med seg ein pappa, og det såg ut til at dei koste seg minst like mykje som den yngste generasjonen. 

Christmas Workshop with cigar box guitar

On the slightly magical date 12.12 12. a group of guitar students spent the afternoon in the wood ---- with their guitar teacher (me) putting together their own cigar box guitar. The parts of the kit were pre fabricated by Claudio Forlini, and the CBGs were 100% electric. 

have a look at our workshop:



                          først forme halsen, pusse og sette inn med bivoks
                          så måtte me gjere klar kassen og få elektronikken på plass
                          sette saman
                         og prøvespele!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar